Mer

    Slutten for sjølvvald abort?

    Eit lekka utkast til ein Høgsterettsdom ser ut til å gå langt i å avskaffe den føderale retten til sjølvvald abort i USA.

    Politico har fått fatt i eit dokument som ser ut til å vere utkast til dom i Dobbs v. Jackson Women’s Health Organization, saka frå Mississippi som no ligg til avgjersle hjå Høgsterett. Saka vart opprinnelig fremja av abortklinikken og skal i utgangspunktet ta stilling til om ei abortgrense på 15 veker, som Mississippi vedtok i 2018, er i tråd med grunnlova.

    Utkastet som no er lekka ser ut til å eksplisitt oppheve Roe v. Wade og Casey v. Planned Parenthood. Desse to sakene danner grunnlaget for sjølvvald abort i USA. Roe frå 1973 gjer klart at kvinner har rett til å abortere eit foster utan innblanding frå myndigheitene, og i 1992 sette avgjerda i Casey ei grense som framleis gjeld for når det kan skje – inntil levedyktigheit for fosteret.

    I det store fleirtalet av delstatar er abortgrensa i dag på 22-24 veker eller ved levedyktigheit for fosteret – det er openbert svært liberalt. No står pendelen klar til å svinge brutalt i andre retninga.

    Blir Roe og Casey oppheva, står delstatane fritt til å lage lovar som går så langt den enkelte delstatsforsamlinga kan einast om i å avgrense abort. Fleire delstatar vil følge Texas sin hjarteslag-modell – 6 veker.

    Blir det som står i dette utkastet det faktiske resultatet? Ja, truleg. Vi veit frå dette at høgsterettsjustitiarius John Roberts ikkje er del av fleirtalet i denne saka og at det dermed i hovudspørsmåla står 5-4. Dette er basert på ei tentativ votering dommarane gjorde etter høyringane om saka i desember.

    Sidan då har Samuel Alito skrive dette utkastet som no vert sirkulert i Høgsterett og altså vart lekka.

    Det finst ei teoretisk moglegheit for at ein av dei fire andre hopper av, kanskje som følgje av det enorme offentlege presset som no kjem til å komme mot Høgsterett, men truleg er dette slik dommen kjem til å sjå ut.

    Når dom vert avsagt, truleg i slutten av juni eller starten av juli, vil det truleg tyde slutten på sjølvvald abort i fleire delstater i USA. 13+ delstatar har såkalla «trigger laws» som trer i kraft og forbyr abort om Roe blir oppheva.

    No er spørsmålet kor godt demokratane klarer å mobilisere mot valet i haust for å hindre tungt konservative republikanske fleirtal i delstatsforsamlingane som skal handsame nye lovforslag om abortgrenser og for å søke å lovfeste sjølvvald abort nasjonalt.

    Foto: Victoria Pickering (CC BY-NC-ND 2.0).
    Sigrid Rege Gårdsvoll
    Sigrid Rege Gårdsvoll
    Debattjournalist og kommentator i Vårt Land. Kommentator for AmerikanskPolitikk.no og en av stemmene i podkasten "Amerikansk politikk".

    Les også