Mer

    Ginni Thomas: Ei dommarkone til besvær

    Ginni Thomas, her fra 2017-utgaven av Conservative Political Action Conference (CPAC). Foto: Gage Skidmore (CC BY-SA 2.0).

    Berre éin høgsterettsdommar i amerikansk historie har blitt stilt for riksrett. Opptøyene 6. januar har sett Clarence Thomas i fare for å bli den andre.

    Først publisert i Vårt Land 7. april 2022.

    I 1805 vart dommaren Samuel Chase stilt for riksrett, klaga for å ha late sine partipolitiske interesser påverke domsseiingane sine. Eit fleirtal i Senatet røysta for å dømme han, men ikkje dei naudsynte to tredelane, og Chase vart sitjande. To hundre år seinare er det ikkje den aktuelle dommaren sine partipolitiske interesser som er i søkelyset, men ektefellen sin.

    Konservativ dommar

    Clarence Thomas er med god margin den mest konservative sitjande dommaren i Høgsterett. Då han vart nominert til setet av president George H.W. Bush i 1991, var særleg synet hans på abortrettar og kvotering i utdanning og arbeidsliv omstridde tema.

    Sidan han tok til som høgsterettsdommar er det derimot kona hans som har utmerka seg som mest kontroversiell. Virginia, eller Ginni, Thomas har gjennom dei siste 30 åra jobba som lobbyist, både med sitt eige firma og via etablerte konservative organisasjonar, som den særs konservative tankesmia Heritage Foundation. I tillegg har ho styreverv og tek på seg konsulentoppdrag for så mange konservative pressgrupper at journalistar som har søkt å kartlegge nettverket hennar seier det er umogleg å halde styr på.

    Mange av gruppene Ginni Thomas er knytt til, har vore involverte i saker som har vore førte for Høgsterett. Det er vanleg i USA at organisasjonar og pressgrupper leverer såkalla «amicus briefs» – skriftlege innlegg som skal klargjere og understøtte saka til ei av partane i ei rettskonflikt. Det har ikkje alltid vore like klart kva bindingar Ginni Thomas har til organisasjonane, og Clarence Thomas har ikkje alltid oppført fullstendige opplysningar om kona sine inntektskjelder i dei årlege «sjølvmeldingane» som dommarane leverer til retten.

    Aktivist og kone

    Clarence Thomas har aldri meldt seg inhabil til handsaminga av ein sak i Høgsterett med bakgrunn i kona sin aktivisme, sjølv om det frå tid til annan har vore tema. Det er han i sin fulle rett til – Høgsterett er ikkje underlagt det same etiske regelverket som resten av det føderale rettsvesenet og ingen kan seie at ein dommar er inhabil utanom vedkommande sjølv.

    Du leser hele kommentaren hos Vårt Land.

    Sigrid Rege Gårdsvoll
    Sigrid Rege Gårdsvoll
    Debattjournalist og kommentator i Vårt Land. Kommentator for AmerikanskPolitikk.no og en av stemmene i podkasten "Amerikansk politikk".

    Les også