— Viss folket vi skal leie får høyre frå oss at valet er stole, kan vi ikkje forvente at dei trur noko anna. Fråsegna kjem frå den republikanske kongressmedlemmen Adam Kinzinger. Han er ein av berre to republikanarar som deltek i komiteen som granskar storminga av kongressbygningen, Capitol, 6. januar i fjor. På fredag vart Kinzinger og Liz Cheney, den andre republikanaren i komiteen, formelt gjeve reprimande under eit møte i partiet sin nasjonalkomité.
Først publisert i Vårt Land 8. februar 2022.
Gjennom å delta i granskinga, heiter det i kritikkvedtaket, driv Kinzinger og Cheney forfølging av ordinære borgarar som deltek i «legitim politisk diskurs».
Sjølv om vedtaket allereie har møtt kritikk i meir moderate deler av det republikanske partiet, er ikkje dette første gong korkje Kinzinger eller Cheney er i hardt vêr i etterkant av 6. januar. Cheney var del av Republikanarane sitt leiarskap i Kongressen, men vart fråteken verva sine etter at ho stemte for riksrett mot Donald Trump i samband med hendingane 6. januar.
Kongressen under angrep
– Då eg kom til staden, høyrtes det ut som eit slag var i gang.
Sitatet er redigert, for politimannen Mike Fanone bruker ord som ikkje eignar seg på trykk når han snakkar om det som skjedde. Han er framleis tungt prega av det han var vitne til i kongressbygningen 6. januar.
I dokumentaren «Kongressen under angrep» (NRK TV) fortel han og fleire andre om sine opplevingar den kaotiske ettermiddagen i Washington DC då demonstrantar tok seg inn i kongressbygningen.
Du leser hele kommentaren hos Vårt Land.