Det demokratiske partiet har mista fleirtalet i Høgsterett for ein generasjon framover. Like heilsvart er det ikkje på lågare nivå i rettssystemet. Faktisk er det her Joe Biden har vunne sine viktigaste sigrar det siste året.
Det ville ikkje falle nokon inn å seie at «alt lykkes for denne regjering». Inflasjonen stig. Fleire av Joe Biden sine viktigaste politiske prioriteringar er grunnstøtte eller på vent i Kongressen. Han må handtere krangel i eigne rekker. Stadig nye bølgjer av Covid feiar over landet og det er kritisk mangel på hurtigtestar. Men noko går rett veg.
Biden har oppnemnt fleire føderale dommarar i sitt første år på Det ovale kontor enn nokon president sidan Ronald Reagan. Sidan han vart innsett for like under eit år sidan har han nominert, og Senatet godkjent, 40 dommarar til på dei to domstolsnivåa under Høgsterett.
Sett ikkje ned farta
Det demokratiske leiarskapet i Senatet gjev tydelege signal om at ein ikkje kjem til sette ned farta. Av dei kring 880 føderale dommarsetene i USA står i skrivande stund 70 ledige, og ein akter å fylle alle det kommande året, før mellomvalet i november. Heile det elles så splitta demokratiske partiet kan stille seg bak dommaroppnemningar.
Dette er Joe Biden sin største suksess, kanskje det som vil stå att lengst etter hans presidentskap. Men det vert nesten ikkje snakka om.
Du leser hele kommentaren hos Vårt Land.